TORSDAG 24. OKT, KL. 16:00 MS Sandnes
Ordinær: KR 150 INK. AVGIFT
Student/ufør: KR 75 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Velferd med eller utan profitt?

Velferd med eller utan profitt?

Privatisering av velferdstenester er ei av sakene som framleis skil høgre- og venstresida i norsk politikk. Spørsmålet stod sentralt i ei rekke kommunar i den siste valkampen. Med slagord som "bestemor på anbud" og "velferdsprofitørar" har venstresida gått hardt ut mot kommersialisering av helse, omsorg og utdanning. Høgresida helsar derimot private kommersielle aktørar velkommen og trur at konkurranse vil føra til kvalitetsheving og effektivisering.

Kva er grunnen til at dette spørsmålet vekker så sterke kjensler? Kva står på spel? Kan det byggjast bru mellom dei to sidene, eller vil privat velferd vera ei viktig stridssak i politikken også i åra framover? Og kva er fakta bak retorikken?

Kåre Hagen, professor og leiar for Senter for velferds- og arbeidslivsforskning ved universitetet OsloMet, innleier til debatt. Han er også aktuell som leiar av eit regjeringsoppnemnt utval som skal sjå på bruken av private velferdsleverandørar.

I debatten deltar også:
Kristin Clemet, dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita
Linn Herning, dagleg leiar i Alliansen for Velferdsstaten
Helle Stensbak, økonomisk kommentator og tidlegare sjeføkonom i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Debattleiar: Harald Birkevold, kommentator i Stavanger Aftenblad