ONSDAG 23. OKT, KL. 20:00 BlygeHarry
Ordinær: KR 150 INK. AVGIFT
Student/ufør: KR 75 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Tilbake til samvirke?

Tilbake til samvirke?
– Alternativ bedriftsorganisering i den moderne økonomien

Samvirkebedrifter har lange tradisjonar og står sterkt i Norge, framfor alt i daglegvarehandelen og i landbruket. Men er samvirke også ein spennande modell for oppstartbedrifter i den moderne digitale og grøne økonomien?

Synnøve Hokholt Sagafos innleier til debatt (15-20 min.) om det nye samvirket på KÅKÅnomics. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, gründer og driv til dagleg selskapet Myldring. Sagafos brenn for samvirketanken, og trur at felles eigarskap i ei bedrift basert på demokratiske avgjerdsprosessar er eit godt alternativ for dei som vil vera ein del av den nye næringslivet som veks fram som ledd i det grøne skiftet.

Etter innleiinga blir det diskusjon mellom Sagafos og økonomiprofessorane Kalle Moene og Ola Kvaløy.

Gunnar Roalkvam, forfattar og samvirkeentusiast, stiller opp med kunstnariske innslag.

Møteleiar: Tom Hetland, historikar, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.