ONSDAG 17. OKT, KL. 18:00 Frøken Phil
Kjøp billett

Utsolgt
Oljenæringa – oppgang eller undergang?

NB! Ved «UTSOLGT» blir ekstra enkeltbilletter frigitt i døra kun dersom lokalet ikke fylles med festivalpass-holdere.

Etter fleire år med ubroten vekst buttar det no imot for olje- og gassverksemda. Lenge har økonomien blitt styrka av store inntekter, høg sysselsetting og ekstraordinær lønsemd. Kyst-Noreg langs Vestlandet og Sørlandet har opplevd stor stimulans frå feltprosjekt, forsyning og drift av verksemda i havet. I sin tur har inntektene frå olje- og gassverksemda skapt formuar både i privat og offentleg sektor, og i dag sørgjer Oljefondet for at heile landet nyt godt av overskotet. Men oljefelt let seg ikkje fornye. Berre gjennom nye funn kan aktiviteten haldast ved lag. I tillegg treng prisar og politikk som sikrar utsikter til lønsame investeringar.

No peikar ikkje pilene oppover lenger, og uvissa grip om seg. Parisavtale, fornybarsatsing og sterke miljøinteresser kjem på toppen av svake leiteresultat og utsikter til prosjekttørke. Kan oljenæringa fortsatt være ein vekstmotor for økonomi og arbeidsmarknad, eller bør ein no førebu seg på nedbygging og utfasing av denne store og viktige næringa?

Eit sterk panel av ekspertar frå ulikt hald vil hjelpe oss med å opplyse spørsmålet.

Deltakere:
Hilde C. Bjørnland, professor, Handelshøyskolen BI
Taran Fæhn, forskar 1, Statistisk sentralbyrå
Eirik Wærness, sjeføkonom, Equinor
Torfinn Harding, førsteamanuensis, Norges Handelshøyskole
Øystein Noreng, professor emeritus, Handelshøyskolen BI

Møteleiar: Klaus Mohn, professor, Handelshøgskolen ved UiS


Kjøp festivalpass HER