TORSDAG 24. OKT, KL. 18:30 Rosenkildehuset
Vanlig: KR 150 INK. AVGIFT
Student/ufør: KR 75 INK. AVGIFT
Med festivalpass: KR 30 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Kvifor er det så få næringslivsfolk i politikken?

Kvifor er det så få næringslivsfolk i politikken?

Stad: Rosenkildehuset
Tid: Torsdag 24. oktober kl. 18:30-19:30

Frå 2009 til 2017 har prosentdelen stortingsrepresentantar med bakgrunn frå privat sektor gått ned frå 40 til 20 prosent, viser ei undersøking frå tankesmia Civita. Til gjengjeld aukar innslaget av stortingspolitikarar frå offentleg sektor og interesseorganisasjonar.

Kva er grunnen til at personar frå det private næringslivet — det vere seg bedriftsleiarar eller medarbeidarar «på golvet» — er mindre til stades i politikken nå enn før? Finn dei politikk mindre meiningsfylt, eller vil ikkje partia ha dei med?

Og kva konsekvensar får denne utviklinga for politikken — i form og innhald? Blir politikk meir og meir ein jobb for spesialistar — med fare for at politikarane hamnar i ei boble, fjernt frå veljarane? Blir arbeidet som skjer ute i bedriftene mindre synleg, og dermed ikkje tilstrekkeleg vektlagt i den økonomiske politikken? Er mangelen på politikarar frå næringslivet eit uttrykk for at respekten for praktisk arbeidslivserfaring er fallande?

I så fall, kva må gjerast?

Deltakarar:
Kristin Clemet, dagleg leiar, Civita
Shahzad Rana, teknologidirektør i Microsoft Norge og tidlegare it-gründer, lokalpolitikar for Oslo Høyre 2011-2015
Ommund Stokka, områdeansvarlig i Industri Energi
Svein Tuastad,
statsvitar, Universitetet i Stavanger

Programleiar: Tom Hetland, journalist og historikar, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

KÅKÅnomics 2019 består av ca. 180 deltagere på ca. 80 arrangement og tema på 12-14 scener over fire dager i Stavanger sentrum. Hovedkonferansen i 2019 (torsdag 24 okt): «The Political Economy of Energy». Fagseminaret på HH UiS i 2019 (onsdag 23 okt): «Omstilling, ulikhet og uro». Festivalpass og konferansebilletter kan allerede kjøpes på nettsiden, www.kåkånomics.no.