TORSDAG 24. OKT, KL. 17:00 Victoriasalen, Victoria Hotel
Ordinær: KR 200 INK. AVGIFT
Student/ufør: KR 100 INK. AVGIFT
Med festivalpass (maks 1 pr. festivalpass): KR 50 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Kva får vi råd til i framtida? Finansministerens perspektiv.

Kva får vi råd til i framtida? Finansministerens perspektiv.

Victoriasalen, Victoria Hotel
Torsdag 24. oktober kl. 17:00
Arrangør: KÅKÅnomics 2019 / KÅKÅ kverulantkatedralen

Regjeringas perspektivmelding frå 2017 varslar at dei gylne åra for norsk økonomi kan vera forbi. Oljeinntektene vil gradvis minka, og det vil bli sett mindre pengar på bok i oljefondet. Samstundes vil klimatiltak, fleire eldre og integrering av innvandrarar krevja større innsats frå det offentlege. Norge slit med låg produktivitetsvekst. Digitaliseringa opnar for effektivisering og nyskaping, men kan også føra til meir utanforskap for dei som ikkje meistrar teknologien.

Korleis skal Norge møta denne framtida? Korleis oppretthalda levestandard, sysselsetting og nivået på offentlege tenester? Kan vi framleis tru på vekst, eller må forventningsnivået justerast ned? Og kva skal vi bruka mindre pengar på?

Foredrag ved finansminister Siv Jensen (Frp).

Det blir kommentert av mellom anna:
Erling Holmøy, forskar, Statistisk sentralbyrå
Ola Borten Moe, nestleiar i Senterpartiet og tidlegare olje- og energiminister
Astrid Hoem, nestleiar i AUF.

Møteleiar: Kjetil B. Alstadheim, kommentator i Dagens Næringsliv