FREDAG 25. OKT, KL. 21:30 MS Sandnes
Ordinær: KR 150 INK. AVGIFT
Student/ufør: KR 75 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Har staten eit sløseproblem?

Har staten eit sløseproblem?

M/S Sandnes (til kai ved Victoria Hotel)
Fredag 25. oktober kl. 21:30
Arrangør: KÅKÅnomics 2019 / KÅKÅ kverulantkatedralen

Meldingar om kostnadssprekk og dyre prosjekt i staten er blitt daglegdags. Stortingsgarasjen, fregattane, it-løysingar og fleire veg- og jernbaneanlegg er stikkord for prosjekt som til slutt har fått ein langt høgare prislapp og gjerne også tatt lengre tid enn planlagt. Av og til blir det skandalar og nokon, som stortingspresidenten, må gå. Likevel ser problemet ut til å vedvara.

Har den oljerike norske staten blitt likegyldig med pengebruken? Er staten i så fall verre enn kommunane og det private næringslivet, eller er det uttrykk for ein generell kultur i dagens Norge? Funkar ikkje anbods- og kontrollregima som er etablerte dei siste åra? Kva skjer når oljeinntektene minkar og Norge blir eit land som alle andre?

Kva må gjerast? Eller – er det kanskje ikkje så farleg om staten tar nokre sjansar?

Deltakarar:
Jørn Rattsø, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, leiar av fleire offentlege utval, m.a. Produktivitetskommisjonen (2014-2016).
Jon Hustad,
journalist og forfattar.
Ebba Boye, samfunnsøkonomi og skribent, leiar for Rethinking Economics Norge.
Christian Anton Smedshaug, daglig leder i AgriAnalyse

Møteleiar: Harald Birkevold, Stavanger Aftenblad